Produksjon av fiberarmerte
komposittprofilar

Rempro AS – bedrift for utvikling

Rempro AS vart etablert i juni 2004 og blei omgjord til aksjeselskap i 2008.  

Rempro AS har sett seg som mål å vere ein av dei leiande produsentane av komposittprofilar. Bedrifta byggjer vidare på drifta i Laader Berg AS  som dreiv i Valldal frå 1979 til 2004.

Produkta blir framstilte av innkjøpte råvarer, og vi produserer dei i produksjonslokala i Liabygda, om lag åtte mil frå Ålesund. Vi leverer kvalitetsprodukt til mellom anna fiskeri, havbruk, landbruk, elektrobransje og byggjeverksemd.

Dei siste åra har Rempro AS satsa på å utvikle og produsere materiale til  konstruksjonar i oppdrettsnæringa.

Rempro AS er medlem i Norsk komposittforbund.