Produksjon av fiberarmerte
komposittprofilar

Komposittprofilar

Komposittprofilar  er dei viktigaste produkta. Vi produserer H-, I- og X-profilar, men kan også framstille andre profilar etter ønske frå kundane.

Andre viktige produkt i vareutvalet vårt er røyr og bolt i dimensjonar frå 5 mm til 140 mm og i ønskte lengder.

Gå til sida med produktark for nærare informasjon om dei profilane og dimensjonane vi kan levere.

Produktark

Spesialtilpassing

Vi kan tilby spesialtilpassing og bearbeiding av produkta våre etter ønske frå kundane.

 

Andre produkt

Merkebøye for oppdrettsmerdar

Vi tilbyr ein ny type merkebøye for oppdrettsmerdear, lysbøya tilfredsstiller dei nye merkekrava til Kystverket.

I konstruksjonen bruker vi kompositt- og plastmateriale. Vi bruker også ny LED- og batteriteknologi. Det er lett å skifte batteriet, som har ei levetid på inntil eitt år.

Produktark

Fuglenett

Saman med Rabben Konsult har vi utvikla fuglenett for oppdrettsnæringa. Det er eit komplett taknett med glasfiberstenger og innfestingsmateriell for 120- og 160-metersmerdar.

Taknettet er utvikla og testa på meir enn 40 anlegg over ein periode på fleire år.

Produktark

Nettflottør

Nettflottøren held fuglenett på plass over oppdrettsmerdar. Han er laga av kraftige glasfiberstenger og er enkel å transportere og montere.

Produktark

Staur for leienett og løypemerking

Glasfiberstaur frå 15 mm til 34 mm med oppheng for leienett, og glasfiberstuar med refleksmerke til løypemerking.

Produktark

Gjerdestolpe for el-gjerde

Laga av 10 mm glasfiberbolt. Solid og enkelt trådfeste i UV-bestandig plast.

Produktark

Skaft

Praktiske og nærast uslitelege kosteskaft, riveskaft og skaft til gjødselskrape. Skafta er laga av 24 mm glasfiberrøyr med solid holk og opphengstopp.

Produktark