Kystverket tester komposittstolper fra Rempro til merking av farled i Solund
Botnring for oppdrettsnæringa
Rempro AS arbeider med å utvikle ein solid og fleksibel botnring for oppdrettsnæringa. Botnringen består av fire 70 mm massive glasfiberboltar som blir haldne saman av solide polyuretanklemmer. Botnringen er konstruert slik at ein unngår svake skøytar. Dei er eit svært godt alternativ til dei løysingane som blir brukte idag.
Vi har botnringar til utprøving i fleire oppdrettsanlegg, og i merdar med omkrets på opptil 130 meter.
Andre fordelar med den nyutvikla botnringen:
- Lett å montere.
- Lett å tilpasse ulike ringstorleikar.
- Glasfiber har ei eigenvekt på 1,7 og materialet gir tyngd og stabilitet.
- Den nye botnringløysinga optimaliserer nettvolumet.
- Botnringen sikrar stabilitet i sterk straum.
- Botnringen held nota stram og utspilt, noko som bidrar til
- eit stabilt nettvolum
- mindre groing på nota
- lettare reingjering
- betre vassgjennomstrøyming
Merkebøye for oppdrettsnæringa
Etter at det vart innført nye krav til lys og signalmerking av oppdrettsanlegg, har næringa slite med å finne tilfredstillande løysingar som innfrir krava. Dei produkta som finst på marknaden, er anten upraktiske å bruke, dei er svært dyre å kjøpe, og dei er heller ikkje utforma på ein tilfredsstillande måte.
Saman med bedrifta Mesterplass AS og 3dp Modelling AS og Atlantic Cod Farms AS utviklar Rempro AS ei ny og lett handterleg bøye som tek i bruk det siste innafor LED-teknologi og batteriteknologi. Bøya skal få betre stabilitetseigenskapar for å redusere pendling i sjøen. Dette fører også til mindre slitasje og øydelegging og lengre levetid.
Målet er å produsere ei bøye som kan fungere i to år eller meir utan at ein må bytte batteri eller utføre annan service. Utstyret som er tilgjengeleg i dag, lover drift i eitt år, men greier ikkje alltid å halde dette.



